Styret dagens | President | Knut Martin Molnes | X |
Visepresident | Knut Henning Aursnes | X | |
Past president | Roger Kornberg | ||
Kasserar | Hallgeir Lade | X | |
Sekretær | Steinar Klokk | X | |
CYEO | Sindre Stuen | X | |
CICO | Roald Mork | X | |
TRF | Grete Herje | X | |
Neste styre innkl. | Prosjekt | Knut Jarle Vik | |
Program | Kristin Grebstad | ||
Elekt 23-24 | Nils Kjemphol Schwartz | X |
Referat styremøte Sykkylven Rotaryklubb, Bankkjellaren
Onsdag 14.06.2023 kl. 2015-2200
Styret sitt forslag til revisjon av vedtektene vart samrøystes vedtekne i medlemsmøtet den 31. mai.2023. Jfr. referat frå klubbmøtet. Syner også til klubblova med same data og som er heilt i samsvar med anbefalte klubblover frå Rotary sitt lovråd i 2022.
Steinar sender desse inn til Brønnøysundregisteret
Sak 71/2223 Skrivarstova (59/2223)
Syner til vellukka dugnad på tomta den 7. juni. Vidare om planer og gjennomføring. Status.
Avventar meir aktivitet til ein skriftleg avtale er på plass
Sak 72/2223 Arkivering arkivverdig materiale (60/2223)
Status.
Saka utsett til neste styremøte
Sak 73/2223 Opptak av nytt medlem
Linda Aurdal Wales vart å sjå på som medlem av klubben den 5. juni og har takka ja.
Steinar sender alle opplysningar om ny medlem til Hallgeir Lade
Sak 74/2223 Paul Harries (63/2223)
Har vi aktuelle kandidatar?
Saka vert overført til neste styre
Sak 75/2223 Tilskot til speidarane si reisekasse (64/2223)
Søknad om fondsmidlar fekk avslag.
Greta hadde sendt inn søknad, men det vart avslag sentralt. Klubben har dermed bestemt seg å doble tilskotet frå eiga kasse til 10.000 kr. Steinar var inhabil i denne saka og gjekk frå.
Sak 76/2223 Budsjett 2023-24
Forslag elle førebels budsjett
Saka utsett til neste møte. Hallgeir og Knut Henning vil innan då ha eit forslag klart.
Sak 77/2223 Innsamlingsaksjon for Ukraina (66/2223)
Status og oppsummering
Knut minner om aksjonen på neste møte. Deler då ut foldaren som vart sendt ut tidlegare.
Sak 78/2223 Sykkylvsdagane 6. - 11. juni (67/2223)
Status og oppsummering
Det kom inn 2.463 kr i kontantar og så kom det noko meir på vipps. Greta har tatt kontakt med Lone i Prosjekt Fillipinene for å få oversikt over kor mykje det samla sett kom inn. Om vi skal halde fram med dette også neste år vil verte vurdert av neste styre.
Sak 79/2223 Profileringsmaterell (68/2223)
1. Det gamle skiltet er kome til rettes, men forslag om nytt skilt.
2. Roll-Up med våre prosjekter og oppgåver (Distriktskonferansen)
3. Evt.
Det gamle skiltet er slitt og vi bør få på plass eit nytt. Knut Henning tek kontakt med Ronny Utgård for å få ei avklaring på korleis ein kan lage eit slikt skilt.
Vi bør få på plass ein roll-up med dei tre mest sentrale prosjekta våre. Dette er Skrivarstova (under føresetnad av at vi får dette til å fungere vidare), Prosjekt Fillipinene og Speidarane. PR har ansvaret for dette, men Hallgeir tek kontakt med Tommy Rassmussen og sjekkar om han kan bidra på dette. Vi bør ha den klar i god tid før Distriktskonferansen.
Vi må ha med bilder frå Speidarane og frå Prosjekt Fillipinene.
Sak 80/2223 Møtelokale (69/2223)
Namn. Info og oppsummering
Vi får bruke skapa til oppbevaring. Vi får også bruke lagerrommet. Talarstolen kan stå framme, men vi kan ikkje ha noko logo på den. Dette må vi ta av og på kvar gong. Knut har den einaste nøkkelen førebels, men dette vil ordne seg etter kvart. Vi vil framleis halde fram med å bruke namnet Rotarysalen, sjølv om det ikkje får nyttast offisielt. Alt reinhald og utstyr får vi kostnadsfritt.
Sak 81/2223 PC, programvare etc,
Info frå Roald
Vi må ha på plass ein ny laptop. Vi konkluderer med at vi kjøper ein enkel pc med windows 11, og den må ha office 365. Evt gå via PC Support. Roald kjem med eit konkret forslag til neste møte.
Sak 82/2223 Komitéar 2023-24
Info frå Knut Henning
Knut Henning la fram eit forslag på komitear. Dette vart diskutert og justert litt. Knut Henning tek dette med vidare i prosessen. Kjøkkentenesta går på rundgang, men vi gir fritak for dei som har ei helse som gjer det vanskeleg. Knut Henning registrerte dette.
Info frå Knut Henning
Komiteane vert presentert på neste møte. Knut Henning tek kontakt med Knut Vik for å få fiksa nye foldera. Han vil nytte møtet til å gå igjennom måla for 23/24. Første møte etter ferien er Presidentens time. Dette er onsdag 23.august. Presidentforum er 31.august. Det er guvernørbesøk i Volda 5.september. Første styremøte vert måndag 21.august kl. 19.00
Sak 84/2223 Medlemmer - status
Det er mange som nesten aldri møter.
Kontingent – restansar.
Hallgeir tek ut ei liste over inaktive medlemmar som heller ikkje har betalt kontingent. Så vil Presidenten ta kontakt med desse for å vite om dei blir med vidare.
Sak 85/2223 Støtte til Røde kors besøksteneste
Det er søkt om støtte på kr. 5.000 til drifta av besøkstenesta. Styret vurderte saka, men konkluderte med at dette ikkje er innanfor det vi ønskjer å støtte økonomisk. Vi kan gjerne delta på dugnaden med våre menneskelige ressursar.
Sak 86/2223 Støtte til badeplass Ikornnes
Det har kome søknad om støtte til etablering av badeplass på Nedre Sætre. Årets budsjett er oppbrukt, men samstundes må det takast med at vi ikkje ser at dette er ein aktivitet vi har høve til å bidra til.
Sykkylven 10.06.2023
Knut Martin Molnes
President
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.